mandag 27. april 2009

Møte i sola

Her er ikkje den store aktiviteten endå.....
Tida flyg som vanleg, alle har det vel slik, trur eg....

Idag har me hatt eit viktig møte på butikken vår. Og lucky vis, sola skein og Evanger fekk vist seg frå si beste side !

Me snakka bl.a om marknadsundersøking..... Eigentleg eit ganske kjedelig ord, men eit viktig ord for dei som skal overbevisast om at ein idè er så god at ein kan laga forretning ut av den.....

Det er på ein måte ikkje heilt godt nok at ein brenn skikkelig for ein idè, om ein ikkje får andre til å tru på den. Me trur på idèen vår, me trur at det er behov for eit slikt tilbod, men korleis veit me om kva andre meinar ?

Eg tenker på meg sjølv når eg skal ut og reisa. Då leiter eg alltid etter den perfekte overnattingsplassen, om me då ikkje skal gå for det dønn vanlege hotellrommet, som sjølvsagt av og til er det mest praktiske. Men eg syns at alle hotellrom er nokså like, då snakkar eg standard dobbeltrom. Eg vert sjeldan overraska, når eg etter uttallege forsøk har fått opna døra med nøkkelkortet ( uff,sikkert berre meg.....;) ) og eg møter den ordinære gangen. Eit flislagt bad til høgre eller venstre. Vidare står det mørke skrivebordet der, gjerne med tv'en fint plassert oppå, kanskje står det ein lenestol med kirsebærtre handtak og ei seng med eit gusjestygt sengeteppe over...... Ja, her skal ein heldigvis ikkje tilbringa mange timane !

Den perfekte overnattingsplass dukkar sjeldan opp..... Kanskje er eg for kresen ? Men kvifor skal alt vera så likt ? Kunne ikkje nokon ha kome på noko som var litt annleis ? Og som ikkje ruinerar ein heilt. Kanskje kunne ein kome heim frå tur og vore inspirert, ikkje berre av alt det fine og kjekke som finst utanfor hotellet ( for det finn ein jo alltids ), men også av interiøret på rommet og ellers.

Målet vårt er å laga slik overnatting, som skal vera ein estetisk nytelse, i tillegg til alt det vakre ein kan oppleva rundt på Evanger.

Og ja, me trur verkeleg at det er marknad for det !
Håpar me klarte å overbevisa våre møtevener om det også :)
Syns iallfall me var flinke, eg :)


Ingen kommentarer: