fredag 25. september 2009



Hausten er verkeleg kome inn over oss. Det regnar og regnar og regna her på Evanger. I desse tidene er det kjekt å lage litt ekstra kos inne. Eg var svært så fornøgd med stillebenet mitt heilt til eg oppdaga at ein av ungane hadde teke ein bit av det eine eplet.... Litt sjarmerande det og?




Eg har kosa meg skikkeleg på Patina i dag. Har pakka opp det eine flotte Blafre-produktet etter det andre. Jammen er det kjekt å ha slike flotte varer i butikken! Og det er heller ingen ulempe at det er ei norsk vare (kanskje ikkje produsert i Noreg, men i alle fall designa av eit norsk par!).



Desse nydelege boksane er fine til å ha småting i på barnerommet, til bomullsdottar og slikt på badet, til knappar på syrommet og til te på kjøkenet...? Eller kanskje du kan lage til eit lite syskrin til ei lita jente som har bursdag..?


Endeleg nokre fine guteting utan hovudskallar på! Me har både lunsj-boks, drikkeflaske og småboksar. Med andre ord alt ein treng!
Lunsj-kofferten er og perfekt å ha som reiseveske i bilen, eller til å ha dei finaste matchbox-bilane i?

Patina-T

Ingen kommentarer: