mandag 14. desember 2009

Med ynskje om godt samvet!

Sat og leitte etter eit blogginnlegg som omhandla nokre utruleg fine pepperkakehus. Det eine førte til det andre og brått hadde eg kikka på 3-4 nye innlegg på blogglandia. Alle bilda viste meir eller mindre perfekt interiør... Då eg kikka opp var det dette eg såg i stova mi:

Sinkbaljen skulle eigentleg vere fyllt med nydeleg innpakka jolegåver, men der ligg vel berre 2 der enno... Framfor og rundt dei fine tinga eg hadde satt opp glaskarmen ligg instrumenta og notebøkene til ungane, og litt klementiner og klementinskall.
I dette hjørnet av stova er det mor sjølv som har rota. Prøvde meg på litt pynt oppå og rundt det gamle skapet, men så kom eg brått på at eg skulle karde litt for ca 14 dagar sidan. Slik har det no stått i alle dagane etterpå. Rusk og rask etter kardinga er det på, under og rundt bordet (visar faktisk ikkje så godt på biletet). I papirsekken er det fullt av skitten ull. Rett frå fjøsen og inn i stova!

Heldigvis sat det nokon og baka peparkaker på kjøkenet, så då eg kom inn der rista eg av meg alt det dårlege samvetet for rotet i stova og kasta meg med glede og iver inn i kakebakinga!
PATINADAMENE YNSKJER ALLE FLINKE JENTER RUNDT OM I BLOGGLANDIA RIKTIG GODT SAMVET! Gjer det dykk har lyst til, og ikkje det dykk føler at de må.... Og ta gjerne turen innom Patina på Evanger no på tors (12-17), fre (12-17) eller på laur (11-15). Etter jol held me stengt eit par månader for då skal me starte oppussinga!!
Patina-T

4 kommentarer:

Rosa sa...

Takk!
Eg tek gjerne imot litt godt samvet, og vert så utruleg letta når eg ser at ikkje alle bloggedamer har "bloggifiserte" heimar til eikvar tid.

Veldig kjekt å sjå instrument og notar framme, då ;)

God kveld, og godt samvet!

Christine C sa...

Heh! Deilig å se at virkeligheten får komme til syne i blogglandia noen ganger...kjenner meg veldig godt igjen :))

Ha en fortsatt fin desemberuke!

reSIRIkulert sa...

Heisan!
Det er herleg å sjå verkelegheita på ein blogg. Bileta dine viser kun at det bur nokon her, og kva er vel finere enn det?
Det er synd eg bur så langt unna Patina, for eg skulle gjerne vore innom og kikka.
Eg ynskjer dykk ein fin jul, med mykje godt samvær!
Siri

Lycke sa...

Ja, kära du :))) Här har det inte blitt mycket av pepparkakshus och massa pyssel...! Det är mycket nu och tiden rusar något så alldeles enormt - bättre är väl att barna har en lugn och trivsam mamma än en hysterisk och stressad tänker jag, hihi...! Hade tänkt hinna med lite pyssel på " ledigdagarna", men det får vi ju se hur det blir - tänk att barna ändå ser denna tid som magisk - bara en julslinga kommer upp så blir de ju hänförda och det är ju det som är allra mest underbart!!! Härligt att höra någon annan som inte hinner riktigt - vi är bara människor!!!

Mycket kärlek och många kramar Lycke