mandag 27. desember 2010

Jolefred



Her er frykteleg stille på denne bloggen vår for tida.
Eg trur Patinadamene har teke jolaferie, og det er herleg :)



Viser litt bilder frå mi eige stove denne gongen.
Det er godt å berre slappa av og kosa seg med slike ting ein ikkje alltid får tid til ellers.



Håpar at alle de andre der ute også kosar dykk i jola.

onsdag 15. desember 2010

50 % på jolevarer



Utruleg kor tida fyk før jol !!
Me er klare for våre siste opningstider på Patina og me slår til med
50 %
på alle jolevarer !
Me har ope torsdag til søndag, deretter tek me ein lang joleferie og vinterferie, dvs me held stengt til februar...
Tida skal brukast til dugnad på huset og vidare utvikling av både butikk, kafé og overnatting.
Me gledar oss til eit nytt spanande år !
Men fyrst og fremst, velkomen innom oss før jol :)

fredag 10. desember 2010

Adventstid


I dag er det nydeleg på Evanger. Snøen lavar ned, og skapar ei perfekt ramme for koseleg kafebesøk:)

Ute berre -7, og då er det fin temperatur inne òg...:)

Freistar det med god kaffi el kakao, brownies, fikenkake, eller kanskje speculaas..?
(nederlandsk julekake)
Då lyt du rett og slett ta turen innom oss:)

Etterpå kan du handle resten av jolegåvene f.eks..
Du er iallefall hjarteleg velkomen!

Ope 12-17 i dag
og 12-16 laurd og sun.

fredag 3. desember 2010

Ein anelse raudt og jolemarknad


I morgon er det JOLEMARKNAD på Evanger !
I tillegg skjer det spanande ting i nabohuset vårt, Rongahuset.
Der er det flytta inn ei ekte kunstdama som heiter Mona Nordaas. Ho er proppa med nye planar for det store spanande huset. No har ho, saman med Kjell-Erik Ruud, laga klart for kunstutstillinga : "Ein anelse raudt" . Her får du "vera med på eit besøk inn i Julie Røeds siste bopel og får et innblikk i hennes forunderlige liv", som kunstnarane skriv.
Mona er ein meister på gjenbruk, og rundt alle vindauge har ho laga sløyfer av knallraud plast.
Eit verkeleg blikkfang !


Ellers er sjølvsagt også me klare for marknad i morgon.
Då vert gato vår liknande meir ei skomakergate, og den gode jolestemninga er garantert.
Me kan ikkje lova gode og varme lokale, men noko varmt i koppen skal me klara ;)
Marknaden varar frå 12 - 17
V e l k o m e n !



Me skal ha ope torsdag til søndag fram til siste helga før jol.
God helg !!!

lørdag 27. november 2010

Hjartevarme



Det er kalde dagar på Patina...
Fint er det, for lyset vert så vakkert.
Me har tent lyset i hjarta vårt.
Det gjev oss varme.
Me gledar oss til jol !

onsdag 24. november 2010

Ny logo

Den nye overskrifta på bloggen vert biletet denne gongen.
Me har fått oss ny logo som me er særs godt nøgde med.
Den er laga i samarbeid med designar Per Finne, ein god ven og ekta vossagut.
Me gledar oss til å ta den i bruk :)

fredag 19. november 2010

Eit bord, to bord og tre bord !



Idag selde me heile tre bord på Patina !
Tre kjekke damer tok seg ein runde og vips hadde dei bestemt seg for kva dei ville ha. Borda kjem me nok til og sjå att på denne kaféen her. Vår favorittkafé på Voss :)


Så no lyt me finna nokre nye bord, og det er jo litt moro :)
Då vert det automatisk litt ommmøblering :)
God helg alle saman !!!

torsdag 18. november 2010

På låven sitter nissen...

er det for tidleg å syngje enno. Men i dag har Patinadamene jolepynta litt i butikk og kafe :-) Me kan nok ikkje skryte på oss for mange nissar, men desse 3 skjønningane her har me.


Patina held ope tors, fre, laur og sun 12-16 kvar veke fram til jol, så du er velkomen innom!

lørdag 13. november 2010

"Nye" varer og "nytt" rom



Ei stund sidan me fekk varer frå House Doctor no, men tida går så fort.
Desse termosane har me hatt tidlegare, men med eit anna mønster på. Dei er kjempefine !



Artige jolekuler i år, og raudt er fint til jol.
Har ikkje alltid syntes det, men nett no er det greit med litt raudt ;)





Ellers er Turid her igang med malekosten.
I andre etasje har me hatt eit rom bak nokre forheng, fullt i rot !! Og me tippar det er mange som har latt seg frista til å kikka bakom her, til stor skuffelse, hi hi.
No skal me male tak og golv også der, så får me litt større butikk.
Me skal også lage eit kontor og hobby-rom til oss sjølve.
Det blir bra !

tirsdag 9. november 2010

Kari Bremnes



Ja, du ser rett ;)
Patinadamene var ikkje berre på konsert med Kari Bremnes, men heile bandet tok likså godt turen innom oss på veg til Bergen dagen etter...
Ein av bandmedlemene var også innom oss på Balkanfesten i år, så han ville gjerne ta turen att, og det var jo veldig veldig koselig :) 
Eg og Irene prøvde knipsa bilder, men kvaliteten er vel ikkje noko å skryte av denne gongen. Kva kan ein forventa etter å ha vore fan av Kari heilt sidan nittitalet, og så står ho der plutseleg...
Hi hi, ei oppleving me skal kosa oss med lenge.
Konserten var også HEILT FANTASTISK !!
Med andre ord ei super helg....
og so tilbake til kvardagen... ;) hi hi

fredag 5. november 2010

Litt happiness kan ikkje skade

Patinadamene har fyllt sin fyrste container !
Me er som regel å finna oppi andre sine containerar, men denne gongen fann me ut at me skulle fylle ein sjølve.
Og det føltes utruleg godt i grunn ;)
Rydding må til av og til, og no hadde det hopa seg opp - igjen.
Eg hadde planlagt å ta bilete av den overfylte boksen, men vips var den henta, og godt var det.



I staden legg eg inn eit bilete av denne herlege dama.
Kari Bremnes
I morgon skal Patinadamene med sine menn, slå ut håret, og reise på konsert.
Fyrst skal det lagast eit herremåltid som skal nytast, deretter vert det nydeleg musikk frå Kari og band :)
Det vert årets jolebord, like greit med alt som er gjort, og hugs :

Ynskjer alle ei god helg !

mandag 1. november 2010

Gamal jolepynt

Når november er komen er det vel lov å snakke om jol og vise fram litt jolesaker...? Klarar ikkje å vente lenger med å vise fram dei siste kuppa mine. Har nemleg vore så heldig å kome over ein del fin og gamal jolepynt i det siste! Sjå berre på denne "godte-skåla her":



Innimellom kulene har det dukka opp nokre nydelege jole-klokker og:

Og desse gamle nissane må eg få vise fram og. Nissar med skikkelege andlet-uttrykk finn ein ikkje mange av i dag (raudnissen sine auger går faktis heilt i kryss ;-))

I tillegg til noko gamal jolepynt har Patina veldig fin jolepynt frå både House Doctor og Madam Stoltz. Me har funne fram ein del av jolevarene, men har ikkje jolepynta butikken enno. Kanskje gjer me det snart ?!

Patina T

fredag 29. oktober 2010

Ny bok

Me er so heldige å få vera med i den nye boka til Kjersti Mjør "52 opplevingar i Hordaland ".
Ei spanande og fin bok, som kanskje vert å finna under joletreet i år.... Og jammen er det mange fine stader å reisa i vårt eige fylke, ein treng ikkje alltid reisa så langt for å finna ein ny og god oppleving :)


Ynskjer alle ei opplevingsrik helg !!

torsdag 28. oktober 2010



Ny veke og nye mulegheiter på Patina....velkomen til alle!
Me opnar kl 12 og stenger kl 16..

Velkomen innom:)



lørdag 16. oktober 2010

Handsåpe eller noko anna....

Lyst på ei god handsåpe?
Eller noko anna smakfullt...kaffi, kake eller varm sjokolade på ein kald haustdag kanskje?

Då er du velkomen til oss:) Ope ifrå 12-16 i morgon sundag.


onsdag 13. oktober 2010



Som vanleg mange godbitar hjå oss...Noko nytt noko gamalt i ei herleg blanding!!

Me har som vanleg ope tors-søn 12-16 ( og 17 fredagar)

Deilig kaffi har me òg....og gooode kaker..:)

Velkomen innom:)

onsdag 6. oktober 2010

Litt fleire haustbileter.

Det har regna ganske så mykje dei siste dagane. Fann difor fram bileter frå siste kreklinge-turen (i år...?) Me har laga råsaft av krekling i år, og me har prøvd oss på gele. Kjempe godt! Kundane våre skal få nyte godt av desse sunne dråpane etterkvart :-)



Kompisen vår:
Ingen problem å plukke bær når ein har denne utsikta når ein lettar på hovudet og sett rompa litt nedpå!

Håpar på mange flotte hausdagar enno!

lørdag 2. oktober 2010

Litt nytt i butikken..


Mykje fint i butikken for tida. Og gode kaker...mm...
Velkomen innom oss i helga:)

Ope laurdag og sundag 12-16.

tirsdag 28. september 2010

Fjellheimen og kreklingbær



Etter ein travel sommar med mykje helgejobbing, var eg ein av dei heldige av Patinadamene som fekk nyta ei frihelg med familien i herleg haust solskin :)
Campingvogntur i fjellheimen vart bestemt, men eg og Turid rakk nett ein tur innom eit par loppisar i Bergen på laurdagen :)) Dobbelmoro ! Fangsten kan de få sjå seinare...



I år er det enormt med krekling i fjellet, så ein klarar ikkje berre gå forbi...
Ungane syntes og det var moro å plukka bær, så me plukka over to kilo på veg heim frå ein lang tur inn til turistforeiningen si hytte, Selhamar, i Stølsheimen.
Patinadamene likar å prøva ut nye oppskrifter basert på råvarer frå naturen, og råsaft av krekling vart kjempegodt !



Det er ein fantastisk følelse og gå slik i fjellet, i slikt eit fint ver og med så flinke og kjekke ungar.
Fjella ligg rett rundt oss her på Evanger, og det finst eit uttal av vegar og stiar å velje mellom.



Her er me på veg opp på Storehaugen (1053 moh ) og ser inn mot Selhamarhytta.
Denne helga gav meg energilager til vinteren som nærmar seg...

onsdag 22. september 2010

Favorittbutikken din ?


For dei som ikkje har fått det med seg, så er me så heldige å få vera i bladet "Lev Landlig" denne hausten.
Bladet er no kome ut for sal i butikkane, og me er godt fornøgde med artikkelen ( sjølv om ein sjølvsagt alltids kunne vore litt finare på håret..., eller hatt ei anna skjorte, eller smilt litt annleis.... hi hi )
Bileta denne gongen er henta frå bladet, og det var Helge Eek som var her hjå oss og fotograferte.



I bladet er det også ein stemmerunde, på kva som er favorittbutikken din... ??
Det er mange fine butikkar rundtom, men har du lyst og stemma på oss, så kan du gå inn via denne linken
http://www.levlandlig.no/reise-og-fritid/2010/08/24/stem-paa-din-favorittbutikk.aspx
eller rett og slett kjøpa bladet og lesa meir der.

Hausten er komen på Patina også, det vil sei at me endrar opningstidene våre litt.
Me vil frå i morgon av ha ope torsdag til søndag frå 12 - 16 ( fredagane til kl 17 )

Velkomne innom for inspirasjon, glede, gode kaker og kaffi :)

søndag 19. september 2010

Litt meir nytt. Ein av termosane frå Blafre design, og flotte heimesydde kjøkkenhanddukar i eit ekte 70 tals stoff. Desse har ei veldig snill dame i nær "Patinafamilie" sydd for oss. Tenk det, tusen tusen takk!! Løp og kjøp...:)

-men vent til torsdag når me har ope att...:)

lørdag 18. september 2010

Nytt frå House Doctor


Nye varer frå House Doctor er kome i butikken :)
Ein stabel med fargerike øskjer....



...enkel kvit lysestake...
Fleire bilder dukkar nok opp etterkvart.
Ynskjer alle ei herleg helg !!

torsdag 9. september 2010

Ommøblert !


Ommøblering er alltid like kjekt !
Eg har hatt ein roleg dag på Patina idag og eg tok nokre bileter av ommøblerte krokar, som Turid og Irene har gjort :)





Dei som abbonerar på bladet Lev Landlig har nok lese om oss allereie.
Bladet kjem vel straks i butikken også....


Løp og kjøp ! :)

mandag 30. august 2010

Balkanfest



Då var årets Balkanfest over.
Ei fantastisk helg atter ein gong, med musikk og rytmar, mat, glade og dansande folk og ein eksotisk stemning.
Patinahuset ligg midt inni festivalområdet, så dei som var innom til oss i løpet av helga måtte kjøpa seg billett.
Irene og Dag har vore travle kafévertar, då Turid og Hilde jobba med andre ting under festivalen.



Me har fått oss nytt skilt som heng på veggen. Ei lokal og kjempegrei dama har laga det til oss, og me synes det er fantastisk fint :) TUSEN TAKK May !!!!! :)