onsdag 27. januar 2010

Award og fakta




Kom liksom ikkje på noko å skriva om i kveld, men me har fått ei utfordring...
Ein award....


Patinadamene føler seg ganske ferske innan bloggverda endå, so dette med awardar er nytt for oss.
MEN, det er jo kjempekoseleg å verta sett pris på. Tuuuuuusen takk for denne



til RosaUnivers og Tilflukt !
Det fylgde med nokre reglar, og det var bl.a å fortelje sju interessante fakta om deg sjølv....
Patinadamene tek utfordringa !
1. Irene er songstjerno vår og kan dei fleste songtekstar på rams
2. Både Hilde og Turid har vore på andre sida av jorda, nærmare bestemt Australia, men ikkje på same tid
3. Hilde spelar trombone, og skal delta på nm i brassband i februar
4. Turid er den einaste politikaren av oss ;)
5. Irene har alltid vore redd hundar, men no eig ho ein irsk setter som heiter Bruno
6. Patinabutikken har eksistert i heile ni år
7. Turid er faktisk ekspert på sau

Me sender vidare awarden til desse flinke og inspirerande bloggedamene og ein grådig grei mann :

1. Dunnismor
2. Hippiechic

Reglane for awarden er :
1. Kopier awarden på bloggen din
2. Link til personen som ga deg awarden
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
5. Link til deres blogger
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden

søndag 24. januar 2010

Og kvitt er jo alltid like fint....

Sat og kikka på den flotte Amaryllisen som har gleda oss gjennom heile jola. Vart meir og meir fasinert til nærmare eg kom. til slutt måtte eg gå og hente kameraet. Bileta er teke med eit vanleg "pocket-kamera". Tykkjer bileta vart overraskande gode! Blomen syng no på siste verset, men med desse bileta vil han jo få eit lengre liv....




Når ein ser pollenbærarane på nært hald får ein lyst til å seie som Bamsen Teodor : "Så rart!"
Patina-damene ynskjer alle ei fortreffeleg veke!

fredag 22. januar 2010

Blått er flott !



I år er fargen blå
som tydeleg kan sjåast i min nye datakrok ;)
Tapeten ( eller papirduken ) på veggen har eg hatt der lenge,
og no pynta eg litt med den på bordplata til det ny-innbore skatollet.
Det har bestefaren til mannen min laga, og me har ikkje hatt det framme på mange år.
Det skal få sin renessanse no :)



Mange hyller og skuffer å fylla med.... ja nettopp, ROT !!
Eg er sjeleglad for min nye lap top som eg fekk til jol, den tek jo so mykje mindre plass :)



Blått er yndlingsfargen min ofte må eg sei, den dukkar liksom alltid opp på ein eller anna måte...
Ynskjer alle ein god fredag !

tirsdag 19. januar 2010

Berre litt meir jul...


Jola klarar ikkje heilt å sleppe taket...Denne måtte berre prøvast idag..Veldig lett faktisk. Blir nok fleire slike, men det lyt vel vente litt...

Tek og med eit lite bilde til av ein dingeldangel som vart til for mange mange år sidan...denne kan jo minne litt om vår kanskje..

fredag 15. januar 2010

Litt retro idag



Idag følte eg trang til litt forandring, noko nytt og sjå på....
Resultatet vart "nye" gardiner og "ny" duk.
Ekte retro og kjøpt på fretex, of course :)



Hadde eg berre i tillegg hatt ein ekte fin blom i vasen....
men det vart det ikkje idag....
Ynskjer dykk alle ei super helg og takk for fine kommentarar på innlegga våre.
Det set me stor pris på :)

tirsdag 12. januar 2010

Tirsdagstips


Ny lampeskjerm med litt blondestoff...enkelt og fint.

mandag 11. januar 2010

Me frys !



Etter ein familietur til Oslo i helga, var det iiiiiiiiiisKALDT å koma heim til vårt iiiiiiiiiiiskaaaalde hus i går kveld.
Då var det i grunnen berre å fyra og fyra og fyra....
Me var så heldige då me kjøpte huset vårt, at det var heile seks ovnar i det.
To av dei er kjempefine etasjeovnar, som me har i stova og oppe i gangen i andre etasje.





Me set stor pris på ovnane og dei er reine kunstverk og sjå på.
Me må fyra ganske ofte for å halda "koken" i dei, men med.ein mann som er møbelsnikkar vert det mykje avkapp som er tørt og fint å fyra med, og det går nokre sekkar for dagen i slik ein kulde....
Håpar at det verste snart er over, eller.....

 

søndag 10. januar 2010

Hekleprosjektet




Når eg heklar har et ofte ingen plan for kva eg skal hekle....ting blir ofte til undervegs...Slik var det denne gongen også, og resultatet vart rett og slett ny drakt til kleshengaren. Eg har samla på gamle kleshengarar med hekla/strikka drakt i årevis...Denne varianten dikta eg sjølv. Slik kan det gå når ein har ein heklekrok og litt garn...Var nok garn til eit hårband óg. Veldig kjekt å hekle, kan anbefalast på det sterkaste.

fredag 8. januar 2010

Helgestemning



Litt hekling gjer susen på ein ny iskald dag, og litt pynt i den tomme gløggflaska...fint med grønt. Ynskjer alle ei riktig god helg.

torsdag 7. januar 2010

Godt nytt år



Då var det nytt år og nye mogelegheiter...Sprengkulda fortset, og utanfor butikken er det 20 minus i dag..utruleg fint, men litt for kaldt...Som tidlegare sagt er Patina stengt no ein periode framover. Ynsker alle ein fin dag, med eit siste glimt av jula...