lørdag 27. februar 2010

Oppussing og vinterferie

Frykteleg lenge sidan sist innlegg her, skulle ikkje tru me var tre damer som byta på jobben ;)
Men, men, tida går fort og me er opptekne med oppussing på butikken og ellers vinterferie.

Her nyt me litt kaffi og kake i den herlege sola.
Me har mala golv og tak pluss ein del av møblane, i tillegg må det ommøblerast.
Og me SKAL vera ferdige til torsdag, for då opnar me att.
JIPPIIII !!!



Etterpå kunne me opp og nyta endå meir sol og vinter oppe på Elje ( garden til Turid )
Er ikkje dette nydeleg, so veit ikkje eg.
Kan jo vera litt lei all denne snøen innimellom, men du og du kor flott det er :)
Ynskjer alle ei fortsatt strålande helg !

fredag 19. februar 2010

The Piano


Om du har køyrt forbi Patinabutikken den siste veka
kan det vera du har sett noko litt rart...
Eit gamalt piano, midt ute i snøen....


Det minner meg om den vakre filmen "The Piano"med Holly Hunter og ein nydeleg musikk....
Høyr berre her :



Slik kan me jo drøyme oss vekk litt ute i det fri, medan oppussinga går sin gang inni butikken.
Om du trur at pianoet endå kan gjera nytte av seg ein stad, så kom gjerne forbi og ta det med deg.
Du vert ikkje meldt, for å seia det slik ! ;) 
( Dessverre vert det på dynga neste... )

Me opnar butikken att torsdag 4.mars.
Det gledar me oss til :)
Ynskjer alle ei toppers helg !

tirsdag 16. februar 2010

Små gleder i kvardagen.

Ei svært klok kvinne sa ein gong: "Gjer kvar dag til ein fest". Dette er noko som me Patinadamene er svært einige i. Me meiner ikkje at me skal slå på stortromma og ha hæla i taket kvar dag, men at ein kvar dag skal gjere noko for å skape glede og hyggje rundt seg. Og det er ikkje noko hokus pokus! Eit tent ljos under måltida kan i mange tilfeller vere den ekstra gleda ein trengte den eine dagen. har lyst til å vise nokre av dei små tinga som har gleda meg i dag:

Dette "glasskåret" fann eg på ein av dei mange gamle bosplassane me har rundt garden vår. I dag satte eg det fram i glaskarmen for at det skulle få dagsljos på seg.

Vasar høyrer til på festar. Og jammen pyntar dei opp om dei står tomme og! Hyasintvasen har me for sal i butikken vår.

Å vaska hendene er noko ein gjer fleire gonger om dagen. Kvifor ikkje lage litt hyggjelege rammer rundt desse hendingane og? Eg kosar meg meg med eit gamaldags såpeoppheng (nyinnkjøpt på IKEA), ei litt ekstra god såpe og ei gamal og vakker teskål som samlar opp såpesølet....
Patina- T
Har du nokre små kvardagsgleder som du vil dele med oss?





torsdag 11. februar 2010

Gis bort ved henting

Denne fine rulla kan no verta DI....


....om du kjem og hentar den på butikken vår innan laurdag :)

Me må få ut litt ting, og denne rulla vert ofte litt upraktisk som utstilling
sjølv om den er aldri så fin og heilt i orden.
Tenk å rulla dukane sine gjennom denne, ti gonger betre enn å stryka.
Me vil gjerne gje den vekk til nokon som kan gjere seg nytte av den, eller
som berre vil ha den til pynt.....
Me skal male golvet i butikken, og den må difor ut i løpet av helga.
Gje oss ein lyd om DU er interessert eller du veit om andre som er det.
Send e-post el sms : hilde@evanger.net 95979922
eller skriv i kommentarfeltet.
Me lyt vel sei fyrste mann til mølla prinsippet :)

onsdag 10. februar 2010

Stemning

Prøvde å ta litt stemningsbilder på butikken idag...fine detaljar, og fine fargar..Me har utruleg mykje fint forstår de..Om ikkje lenge opnar me att, godt å vita at nokon saknar oss..
Ein nydeleg lampeskjerm med litt pynt..
Ein eigendesigna uro med gamle stoff og ein hekleblom sjølvsagt..
Gamle skjørt i fantastiske fargar..

søndag 7. februar 2010

Meir hekling

Gryteunderlag hekla av grov bast. Fort å lage, og fine å sjå på.
Har snart ei god bunke klar til butikken. Men no må eg finne skia mine..og gå ut i sola.
Ynskjer alle ein fin fin sundag.

onsdag 3. februar 2010

Messe og inspirasjonstur!

Som tidlegare nemnt har Patinadamene vore til Oslo for å bestille varer på Gåve og Interiørmessa. Det vart mange varer frå House Doctor denne gongen! Men me vart kjent med andre spanande leverandørar og, så me får sjå kva det vert til etterkvart ; -)

I tillegg til messa nytta me høvet til å besøke butikkar me likar. På vår vandring til ein av favorittbutikkane kom me over denne fantastiske blome-butikken! Me ynskjer oss ein slik i vårt nærmiljø! Butikken heiter Passiflora og er å finne i Skovveien (eller deromkring) på Frogner.

Butikken me skulle til var KVIST. Det er ein unik butikk som kombinerar varer, lokale og stemingar på ein nydeleg måte. Det er ikkje store butikken, men eg trur me var der i nærmare ein time! Berre kosa oss.! Ein flott butikk med ein utruleg sjarmerande innehavar.

(Biletet er lånt frå Kvist si heimeside).
Patina-T

tirsdag 2. februar 2010

Varer er bestilt



Drøymer me ikkje berre litt om varme og sommar av og til....
Me har bestilt varer frå House Doctor, og bildene denne gongen er henta frå deira kolleksjon.



Ein tur på stranda med denne freistande matpakka...



Gledar oss til desse skålene.... nydelege !



Rett og slett mykje fint som kjem inn i butikken vår.
Me har framleis stengt, men det varar ikkje lenge før me opnar,
då med nymåla tak ! Hurra :)