torsdag 25. mars 2010

VossaJazz og salg på klede



Denne helga er det Vossa Jazz i bygda, og det er eit av årets høgdepunkt !
Denne dama, Ingrid Olava, er blant årets artistar.
Når jazzen inntek Vossabygda er det VÅR !!!
Patina har salg på butikken, mange varer til halv pris,
og ikkje minst ALLE KLEDE !!!



Dagens forslag :
Kjøp deg ein kuul retrokjole, kjøp deg billett på Vossa Jazz, kle deg opp og len deg tilbake. Nyt musikken, stemningen og livet :) :)
Her har du ein smakebit

Me ynskjer alle ei super palmehelg, med eller utan jazz ;)

tirsdag 23. mars 2010

Snart påske! Snart vår!

Regnar sildrar ned, og me tykkjer det er heilt topp! Sjå berre kor snøhaugane forvinn framfor butikken vår! Pianoet har kome til sin fulle rett ;-)

Og inne er me på leit etter gule ting.... Rart kor lyst ein får til å pynte med gult når det nærmar seg påske!

Ynskjer alle ein deilig, regnfull morgondag!

lørdag 20. mars 2010

Ein spegel - 3 spegelbileter.

Ein stille og roleg dag på butikken.... Tid til både fundering, foto og
blogging ;-) Jammen deilig med slike dagar stundom og. Fyrste biletet viser lampeskjermsamlinga vår frå 2.etg:

Andre biletet viser nokre av kafeborda våre (me driv og øve oss til me skal lage til kafe..)

Og siste biletet viser litt av kvart.

Og alt er sjølvsagt spegelvendt.... Patinadamene ynskjer alle ei skikkeleg god helg!


tirsdag 16. mars 2010

Nettbutikk



Måtte berre innom og sei hei :)
Og, at dersom du ikkje har høve til å koma innom butikken vår, kan du sjekka innom nettbutikken vår.
Der prøver me å leggja ut nye varer etterkvart, og det går an å bestilla ved å senda oss ein e-post.
Til no har me også hatt nettbutikk på websida vår, men den skal vekk, og me er framleis litt i overgangsfasen.
Ellers ventar me på våren her også.....
Det ligg ein diiiger snøhaug like framfor butikken vår, den vert nok liggande til mai...



Håpar å avslutte vinterbilete sesongen no ;)

fredag 12. mars 2010

Hipp hurra !


Idag har me trekt lodd ut frå alle kommentarane me fekk på Give Away innlegget vårt.
Spanande......
Kakeboks loket til Turid sine sjokomandelkjeks vart brukt som trekkefat...
Og vinnaren er :

Einar !!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Han er sjølvsagt ein mann me set STOR pris på, og han tek dei vakraste bileter, mykje frå vårt nærområde.
Gratulera til deg :) - og til kåno, hi hi ;)
Ta deg ein tur innom oss ein dag, her ligg pyntehandkle og ventar.

Me synes dette var skøy, så de skal ikkje sjå vekk ifrå at me prøver igjen ein gong.
Ynskjer alle ei super duper helg ! :)

torsdag 11. mars 2010

We`re singing in the rain :)



JIIPPPPPIIII !!!
Varene frå House Doctor kom endeleg !
Veldig mykje fint, om me skal sei det sjølve...
Sjekk dei flotte teppene og putene !!



Eller kva med ei ny oppskriftsbok, eller pappservise til barneselskapet eller berre til ein sjølv ;)
Flotte bokser til å samle forskjellig i og ikkje minst denne fine parasollen :




Tji hi hi :)
Turid singing in the rain....

Tok bilder med mobilen min idag, så der, så der.
Gledar oss til trekking av vår Give Away i morgon.
Kjempekjekt med alle som til no har skrive kommentar til oss :) :)
Vinnaren vert annonsert i morgon !

lørdag 6. mars 2010

Vår fyrste GiveAway !


Patinadamene vil prøva noko dei ikkje har prøvd før, nemlig ein sokalla GIVEAWAY !
Den største grunnen til dette er at me fekk besøk av ei snill dame som har denne bloggen her, på torsdag.
Tusen tusen takk til deg :)
Ho hadde med seg eit aldeles nydeleg pyntehandkle, gamalt, handlaga og med fin hardangersaum. 


Ho ville at me skulle gje denne vekk til ein av dykk andre kjekke bloggevener der ute.
Det passa jo kjempefint, også i høve den nyoppussa butikken vår.


So då er det berre å skriva ein kommentar på dette innlegget, om du er bloggar eller ei og om du linkar til bloggen vår er det også kjempeflott :) Om du vinn kan du berre senda navnet ditt og adressa på e-post til oss.
Me trekkjer den heldige vinnaren neste fredag :)

Ynskjer samstundes alle ei riktig god helg !!

fredag 5. mars 2010

Patina-kjeks frå opningsdagen.

Som kjent opna me Patina-butikken att i går etter å hatt vinterstengt ein periode. Det var mange svært trivelege kundar innom, og 2 av dei spurte om me ikkje kunne leggje ut oppskrifta på småkakene våre på bloggen. Kjeksa me spanderte i går er i ekte Patina ånd: me tek ei godt brukt oppskrift, gjer litt fornyingar og vips så vart det noko litt nytt og spanande! Gårsdagens variant var som fylgjer:
Oppskrift på Patina sine havrekaker.
200 gr smør
3,5 dl sukker
1 egg
2 ss vatn
2 dl kveitemjøl
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 krm salt
0,5 ts natron
6 dl havregryn
2 dl rosiner
2 dl hakka valnøter/hasselnøter/mandlar
1 pl kokesjokolade
Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg og vatn. Bland i alt det tørre. Bruk gjerne fleire typar nøter samstundes, og det er knallgodt med både kvit og brun sjokolade oppkutta i bitar! Sett litt store spiseskeier med røra på ei smurt plate og steik i 12 minutt på 175 grader. La kakene avkjøle litt på plata før du avkjøler på rist og tilslutt puttar dei oppi ein fin gamal boks....;-) Kakene held seg lenge og er akkurat like gode etter nokre dagar!
Nyt!
Patina-T

onsdag 3. mars 2010

Opnar att i morgon!!

Då er snart dagen her, og me opnar butikken att etter vinterdvalen....Har enno litt småplukk att før alt er klart, men kl 12 i morgon torsdag 4 mars skal alt vera i orden! Ynskjer gamle og nye kundar hjarteleg velkomne innom, det blir varm kaffi og noko attåt til alle!! Kjem du??
Det skal vera mogeleg å setja seg ned med kaffikoppen.

Opningstider
Torsdagar 12-17
Fredagar 12-17
Laurdagar 11-15

Velkomen til alle!!