mandag 26. april 2010

Koseplassen

Hadde ein stille og roleg dag på butikken på laurdag. Faktisk så stille at eg fekk tenkt litt interiør heime og.... Det enda med at eg kjøpte med meg eit nytt putetrekk (stor firkantpute overstrødd med mange små blomar) og ei ljoslykt. Og vips så vart det riktig så triveleg på glasverandaen:


I godstolen har eg no skinn frå eigne sauer, stor pute frå House Doctor og lita pute frå Brukt'n på Voss.
Litt nærmare kikk på ljoslykta frå House Doctor. Etterkvart skal ho få eit skikkel kubeljos inni.

Og her eit lite bilete frå "kvelds-verandaen". Har akkurat kjøpt meg ny "gamal-komfyr" som skal nyttast til å lage mat ute på. Så kjære varme: kom no! Me ynskjer varme og uteliv!!



torsdag 22. april 2010

Me har vore på loppis!

På laurdag var Irene og Turid på loppemarknad. Fyrst på Rothaugen skole i Bergen, og deretter eit ute i Knarvik. Kjekt å få med seg 2 loppemarknader når en fyrst tek turen til bydn ;-)
Det er ikkje så lett å plukke ut nokre få ting av alt me tok med oss til butikken, men her kjem litt av utvalet:
Nydeleg gamal "såpekopp". Knallfin raudfarge og akkurat passe slitt. Skåla med blått motiv er frå Stavanger Flint. Kanskje ein kan bruke ho til såpeskål...?


Elsk eller hat.?! Ekte slange (kobra?) og eit eller anna rovdyr som er vorte utstoppa. Håpar ikkje denne vert seld når Hilde er aleine i butikken, for ho vil ikkje klare å pakke det inn.....

3 nydelege strikkegensarar i alderen 5-10 år. Det er ikkje så ofte ein kjem over Marius-gensarar på loppisar lenger.


Ein skikkeleg godbit. Ein kjem av og til over 3-arma stålampar frå 50-talet, men skjermane manglar ofte. Denne gongen fann me berre skjermane! Heilt heile og i flott plast.





lørdag 17. april 2010

Litt London"snop"


Det vart litt shopping i London, både til butikken og til meg sjølv, det skulle vel berre mangle ;)
Me fann nokre herlege vintage kjolar som me måtte ha med heim.


Dette søte skjørtet er for lite til meg dessverre, men kanskje passar det deg ??
Har lagt ut bilder i nettbutikken vår som du kan kikka på.



Sjå på desse kjempefine øskjene med cappuccino !
Eg har ikkje opna og smaka dei endå, føler liksom at då vert dei litt øydelagt...Men eg skal nok ein dag, skal berre finna rette høve ;)



Og her eit lite utvalg, kvitt sjokoladepålegg ! :)) , Assam-tea og Quality street konfekt. Jam, jam, her skal det kosast :)
Fortsatt god helg !

torsdag 15. april 2010

London-turen. Del 2.

Me var 3 Patina-damer (med ektemenn) som var på tur, så då kan me vel koste på oss endå eit innlegg frå London-turen ;-) Magnoliatrea var i full bløming, og det var eit fantastisk syn!

Eit litt anna gatebilete enn kva me kan sjå her på Evanger...:
Me var innom det berømte te-og varehuset Fortnum & Mason. Dei har halde på sidan 1707! Eg tykkjer det sit historie i veggane på Sundt-huset i Bergen, men det vert ingenting mot dette. Sjølv om vareutvalet var vel ekslusivt etter vår smak (eller lommebok rettar sagt), så var det veldig kjekt å få snuse litt rundt.
Kven får ikkje lyst til å setje seg ned med ein tekopp ved dette flotte kafebordet?
Trur eg avsluttar med eit te-bilete. Eg er skikkeleg glad i te, og då er England eit deilig land å reise til. Te skal serverast frå tekanne, og det skal vere gode og romslege koppar. Akkurat som her!

Patina-T



onsdag 14. april 2010

London view


Då var me tilbake etter fantastiske dagar i London.
Me har storkosa oss, og her kjem ein liten smakebit frå mitt album...



Her på veg til Portobello Road, forferdeleg mange folk som gjekk i kø....litt for mange gjerne, men likevel fascinerande koseleg rundtom.



Ein god gamal raud buss....



Carnaby street kom me oss heldigvis innom. Utrulege fargar på husa og ei koseleg handlegate.
Berre sjå på dette huset




Nokon var tøffe nok til å gå opp i dette tårnet, det var HØGT og det var MANGE trapper rundt og rundt, men då me kom opp var det ei fantastisk utsikt.

Afternoon tea hadde me bestemt at me måtte prøva.
Eit deilig lite måltid, som godt kan eigna seg på kafèen til Patina.
Og sjølvsagt vart det te med heim, mykje te... ;)
Her dukkar sikkert opp fleire bileter etterkvart.
Me er iallfall veeeeldig fornøgde med turen :))
I morgon er Patina open att, gledar meg til det :)

fredag 9. april 2010

Snart London


Damene gleeeeeeeeeer seg !!!!
Me håpar og trur at mennene våre gjer det same ;)
I morgon ber det til storbyen og kva passa vel meir perfekt då at me kunne lese om
"Vintageweekend i London" i siste Boligliv.
Håpar å kome heimatt med ny giv og masse inspirasjon :)

Men fyrst skal me ha gjort unde feiring av Turid !
( PS. Ho er førti...tatattam ! )
Og me er invitert til gards for feiring i ettermiddag :)
Takk Turid....og husbonden ;)

Ynskjer alle ei riktig god helg !!!!
PS. Butikken er stengt laurdag 10.april !!!

torsdag 8. april 2010

Velkomen innom


Tok inn litt forsythia her om dagen og no er dei er iferd med å sprette ut. Gledar meg til enno litt meir gult eg, sjølv om påsken er slutt..


Butikken er full av koselege ting..


og du er hjarteleg velkomen...opent kl 12-17 idag og i morgon:)

søndag 4. april 2010

Påskero og forventningar...



Hei og god påske der ute :)
Tida flaug fort igjen....
Eit bilete av dei fine ranunklane eg kjøpte på torget under VossaJazz.
Atter ei fabelaktig helg !!! :)




Og dette, ein gamal kylling eg fann på Fretex.
Sjarmerande skakk ;)

Påsken er snart slutt, men Patinadamene gledar seg til neste helg att :)
Då flyg the ladies and their gentlemens to London !!
Juhuuuuu !!!
See you later, alligator !!!