torsdag 6. mai 2010

Sykkeltur og andre sysler



Her er dessverre litt stille på bloggen for tida...
Kan det vera hektiske tider som gjer det ??
Uansett vil eg idag vise bilder frå sykkelturen eg hadde her ein dagen.
Aaahhh, så deilig og kjekt med ny SYKKEL !!

Å sykla oppover Teigdalen og starten på Den grøne sløyfa, høyra vårbruset frå elva, fuglekvitter i tretoppane og sola skine frå blå himmel, då kjem energien strøymande...
.

Tok meg også ein tur oppover den vakre stien opp mot fjellgarden Brunborg.
Her kunne eg sitta og nyta den medbrakte nista og fundera over livet, heilt i ro og mak ;)


Energi treng me framover. Me skal i desse dagar setje igang med å laga kjøkken, i tillegg til toalett og eit lagerrom på butikken. Me har heldigvis tinga snikkar som skal gjera mesteparten, men planlegginga og finarbeidet må me ta oss av.
Målet er å få igang kafèservering om ikkje lenge...hjææææælp ;)
Ein skremmande, men også veldig spennande tanke :)

Butikken er open som vanleg i prosessen, sjølv om det kanskje vert ein del rot.
Det toler me :)
Hei så lenge !

Ingen kommentarer: