mandag 28. juni 2010

Ekstremsport





Idag opna Ekstremsportveko på Voss.
Ein flott opning med tøffe ekstremarar i lause lufta !

Akkurat no følest det som Patinadamene også skal inn i ei ekstremsportveka...
Me satsar på kafèopning på torsdag....
Hjæææææælp !
Men no må me berre hoppa i da. Me har mala og pussa, snikra og rydda, teke etablererprøve og til og med fått ei heilt ny fantastisk italiensk espressomaskin i hus :))
Me driv og øver til og verta ekte baristaer ( det tek nok litt tid, men kaffien smakar godt )
Endå gjenstår ein god del ting, og alt får me nok ikkje klart til torsdag,
MEN, me får byrja med det som er klart.


Ein liten krok av kafèen vår.
Det skal bli veldig kjekt å koma igang.
Satsar på og sjå mange av dykk framover :)
Ta gjerne turen innom når me har ope i sommar, torsdag til søndag frå 11-17 !!



lørdag 19. juni 2010

Tusen takk!

I dag har me vore skikkeleg heldige! Då Irene skulle låse opp butikken i dag tidleg stod det 2 store posar utanfor døra vår. Den eine var full av gamle rammer og bileter, og den andre var full av gamle dukar, gardiner og heimesydde putetrekk. Treng eg seie at der var utruleg mykje fint? Her skal dykk få eit lite glimt av nokre av godbitane....




TUSEN, TUSEN TAKK til den gåvmilde!


onsdag 16. juni 2010

Velkomen til oss!!

Trass i vår vesle ombygging har me likevel ope.  Håpar de tåler litt rot og støv...Innimellom alt er det framleis store og små skattar...

fredag 11. juni 2010

Skryt og Evangerlaurdag


Det vert langt mellom mine innlegg på bloggen for tida, godt at me då er tre damer som kan dela litt på det.
Og idag har eg lyst å skryta litt av oss Patinadamer ;)
Det er hektiske tider, og me har mykje som skal gjerast og avgjerdsler skal takast....
Ikkje alltid er me einige, men jammen meg går det bra likevel.
Ei rosa kake til mine kjekke kollegaer :))
( det var våre kjekke døtre som laga lekre muffins til oss ein dag me sikkert trengte det som mest )


I morgon er det Evangerlaurdag.
Då vert gato fyllt opp av ulike aktivitetar og salgsboder, kafé, og det er underhaldning og moro :))
Patina har sjølvsagt ope, og det varar frå kl 10 - 15, og om kvelden er det standup show og dans.
Me har sett prisen ned på ein haug med varer for å rydda plass til kaféen, så her kan du gjera gode kupp.
I tillegg har me idag fått nye varer frå House Doctor.
Ta turen til Evanger i morgon på ein koselig marknadsdag :)

torsdag 10. juni 2010

Me sender..


Vatnekanne til  kr 350,- gåvepapir kr 45,- og fine raude knaggrekkjer til kr 200,- løp og kjøp, eller me sender til deg. 


Nattbord til berre kr 350,- lyt du kome og hente sjølv.....Men den fine gamle toalettveska til kr 30,- sender me gjerne. Ikkje nøl, men send  ein e-post til irene@evanger.net viss du sit i sofaen heime og har lyst på noko. Fleire fine ting i patinabutikken.blogspot.com 

Ynskjer alle ein fin kveld:)

lørdag 5. juni 2010

Liljekonvalen er komen!

Har hatt ein fin dag på Patina. Folk vert så blide når det er varmt og godt! Hus-snikkaren vår har satt opp dører inn til kjøken, toalett og lager, og eg har malt fyrste strøket på toalettet. Kafe draumen vår vert meir og meir realisert!
Prøvde ut ei ny opskrift i dag: kardemomme skorper. Ikkje noko braksuksess.... Kanskje litt for ordinære?
No i kveld var eg nett bortom Liljekonval-staden vår for å sjekka status, og der hadde det skjedd mykje dei siste dagane! Så no luktar det lifleg i stova...;-)




Ynskjer alle ein deilig laurdagkveld!
Patina-T


onsdag 2. juni 2010

Naturleg stil

Patinadamene er så heldig at me kjenner ein ung kar som er flink med å dreie i tre. Me har spurt om han ikkje kan lage nokre litt store ljosestakar til oss som passar til kubbeljos. Og no har me fått dei! Desse 3 flotte stakane er 27 cm høge og kan ta kubbeljos som har 7 cm i diameter. Materialet er hengebjørk...:-) Fremst på biletet er 2 mindre, lauvtynne, skåler som og er laga i tre. Nydelege!