søndag 18. juli 2010

Pust i bakken...


Me har igjen hatt flotte dagar på Patina... Masse folk, gamal og ung..Det er berre so fantastisk!!


 Om kvelden heklast det trekk til kleshengarar...Ligg nokre til i nettbutikken no...



Neste veke er det desse to damene over her som ynskjer deg velkomen, medan eg tek meg ein liten pust i bakken...:)

Velkomen tilbake:)

fredag 16. juli 2010

Nye lopper på Patina.

Når Patinadamene er ute og reiser, kan du vere trygg på at me alltid har eit lite sidesyn for bruktbutikkar/loppemarknader ;-) Eg har no vore ein snartur innom eit "loppis" i Sverige, og testa ut litt "bruktar" i Toten området. Her kjem nokon smakebitar:
Liten kasserolle frå Catrineholm. Ei orange, ildfaste form forsvann ut før me fekk teke bilete.
Eit litt spesielt servise frå Egersund. Handmalt og i fin stand. Her kan 7 personar ete frukost samstundes.

Eit nydeleg gamalt fat som er tyngre enn vår fajanse. Er litt usikker kvar det kjem frå. Det står SITKA under fatet, så om nokon veit noko meir vert me takksame for kunnskapsoppdateringar :-)


søndag 11. juli 2010

Pasta sundag



Mmmmmm.....
Nok ein super dag !!
Og PASTASALATEN såg ganske so god ut og vart fort vekke ;)

lørdag 10. juli 2010

Me nyt kafélivet



Gurimalla kor kjekt det er å driva kafé med slike dagar me har hatt :))
Sola har vist seg frå si beste side og folk har kosa seg både ute og inne.
Me spring frå det eine til det andre, lagar på mat og kaffi og prøver rydda unna så godt me kan...
Når dagen er slutt finn me ut at me slett ikkje har hatt tid til verken å eta eller drikka kaffi sjølve...
Men, det er jo utruleg moro ! :)


Den gode kvilestolen med teakbordet i dette hjørnet, var det nokon som reiste med.... så der lyt me tenka ut ei ny løysing.... Akkurat no står "Lille Gine" der med sommarkjolen på.
Slik vil det jo alltid vera, at interiøret skiftar litt ettersom :)
I morgon har me ope att, og då skal me prøva oss med ein pastasalat.
God sommar vidare !

mandag 5. juli 2010

Gode dagar..


Då var fire dagar kome til endes..Me har kosa oss veldig..smilt for oss sjølve, og sett på gjester som har kosa seg. Me har hatt besøk ifrå inn og utland, og vil takke alle som har vore innom:)



På gjensyn på torsdag.


Ynskjer alle ei god veke:)

fredag 2. juli 2010

Litt bilder ifrå kafeen vår..Me har lagt to flotte dagar bak oss etter at me opna kafeen, og hatt massse besøk!! Tusen takk til alle som har vore her!! 
Ta turen innom du og...me har ope både laurdag og sundag kl 11-17.



Me serverer litt søtt og litt salt..i tillegg til god kaffi og te ifrå vår nye kaffimaskin, og heimelaga bjørkesaft ifrå hemmeleg oppskrift...


Velkomen, velkomen!!:)

torsdag 1. juli 2010

Patina sin kafe er opna!

Berre so det er sagt: I dag har Patinadamene servert kaffe og kaker og blingsar i vår nye kafe!! Bileter vil koma!