mandag 30. august 2010

Balkanfest



Då var årets Balkanfest over.
Ei fantastisk helg atter ein gong, med musikk og rytmar, mat, glade og dansande folk og ein eksotisk stemning.
Patinahuset ligg midt inni festivalområdet, så dei som var innom til oss i løpet av helga måtte kjøpa seg billett.
Irene og Dag har vore travle kafévertar, då Turid og Hilde jobba med andre ting under festivalen.



Me har fått oss nytt skilt som heng på veggen. Ei lokal og kjempegrei dama har laga det til oss, og me synes det er fantastisk fint :) TUSEN TAKK May !!!!! :)

søndag 22. august 2010

Småputling og balkanfest !



Idag høljeregnar det ute, og det er ein stille søndag på kaféen.
Fint å sitta i vindauge og ordna litt på dataen.
Me har fått inn nye varer frå Blafre. Masse glade fargar og mønster til å muntra opp utover hausten ;)



Borda i kaféen er for tida pynta med gamle scrabble bokstavar, noko som har vore til glede både for oss og gjestene.

 

"Småputla", som er eit godt vossaord, kan fort verta til....



Neste helg er det helga over alle helger på Evanger !
Då er det Balkanfest !
Har du lyst å oppleva ei helg som osar av sydlansk stemning ( sjølv i regn... ), drivande rytmar, som ein berre MÅ dansa til, spanande mat frå både Balkan og Evanger, ei gate pynta til fest, så er dette helga og ta turen her.
Det vert laga til camp for dei som har telt eller campingvogn, eller du kan overnatta på Voss Vandrarheim, eller rett og slett ta bussen til Voss eller Bergen som er satt opp laurdagsnatta.
Eller kanskje det freistar med ein dagstur på laurdagen ? Her er program for heile familien !



Om du var i nærleiken av Voss eller Bergen i går, kan det vera du høyrde ljomen av denne Balkanhengaren ? ;)



Patina er klar for Balkanfest !
Er du ?
Gå inn og sjå meir info på nettsida her.

lørdag 14. august 2010

Ubedne gjester...

I går var det fredag den 13....bokstaveleg tala...Ubedne gjester var på besøk og forsynte seg av både søtt og salt... Ikkje moro!! Men men slikt skjer...
Det som er kjekkare å fortelja er at me hadde besøk av ein fotograf utsendt av "Lev landlig" på onsdag. Det kan du lesa meir om i september:)
Sola skin endeleg her vest...Fint på Patina i solskin, kjem du?
Me opnar som vanleg kl 11 i morgon, og stenger kl 17
Velkomen innom:)

mandag 9. august 2010

Fest


Laurdagskvelden var det fest på Patina. Nokon hadde klassefest, og feira det hjå oss. Her er eit lite glimt av bordet, og vår litt alternative borddekking:)
Patinadamene diska opp med middag, dessert og kaffi, og alle vart glade og nøgde!!

Trur dei hadde ein kjekk kveld hjå oss, og me kosa oss me og!:)

fredag 6. august 2010

God stemning

 
        

Innimellom regnbygene idag dukka sola opp og det vart eit fint ljos inne...då var det berre å skunda seg å fotografere. Legg merke til den fine skuleplansjen på veggen..

Det varme gode reinsdyrskinnet pyntar opp på klappstolen, og ein gamal duk skjuler bestikket vårt...
Me har fine dagar på Patina, og i morgon kjem sola tilbake seiest det. Då kan du sitje ute og..


under treet vårt..med kaffikoppen..

Velkomen skal du vera:)

torsdag 5. august 2010

Kjærleik til brukte ting.

Sat og kosa meg med ein kopp te her ein morgon, og la merke til alle dei brukte tinga eg hadde omkring meg.... Te-koppen var godt brukt då eg fekk han, og er vorte mykje brukt av meg og ;)

Stolen eg sat i var kjøpt på Brukt'n, og den storblomstra puta var frå eit loppemarked (den lyse puta er ny frå House Doctor....)

Utsikta mi var godt brukt og. Eg kvila nemleg augene på uthuset til nabogarden, der kledninga er vorte nydeleg grå og taket er fantastisk rustraudt! Konklusjonen vert at det er mykje kjærleik i godt brukt!




mandag 2. august 2010

Hylleblomsaft

Dagane går så fort når me har kafeen open! Det er over ei veke sidan me laga hylleblomsaft, men no får eg endeleg satt meg ned og laga eit innlegg om det. Safta vart god, og me har berre fått gode attendemeldingar på ho :)
Tok nokre bileter av hylleblomane og sitronane nede i bøtta rett før eg helte kokande vatn over.... Ser det ikkje delikat ut?


Alle er hjarteleg velkomen innom for å få seg eit glas med enten hylleblomsaft eller bjørkesaft! Bjørkesafta laga me i vår, og då trur eg jammen me heilt gløymte å ta bileter....