onsdag 26. januar 2011

Oslo next..


Då er sekken pakka, og årets
fyrste gave og interiørmesse
på Lillestrøm står for tur:)

torsdag 20. januar 2011

FØR- bileter



Tenkte å vise dykk nokre bileter av huset vårt
- FØR -
oppussinga byrja.







He he, som de ser er det mykje som skal verta annleis for å seie det slik ;)
Til sommaren er planen å ha to leilighetar her, ein oppe og ein nede. Nett no er det snikkarane som gjer størstedelen av jobben, så putlar me på innimellom. Men etterkvart skal me nok få litt å henga fingrane i me og ;)
Førebels går alt etter planen, og me er framleis ved godt mot :)

onsdag 19. januar 2011

Litt nytt gamalt



Sjølv om butikken/kafeen vår er stengt
dukkar det opp litt småtteri av og til.
Koste meg i dag med å vaske litt ting, og høyrde på
dei flinke snikkarane våre som banka og banka...



lørdag 15. januar 2011

Verkeleg Vinter

Her på Evanger finst det ikkje tvil: i år er det vinter med stor V! Kan ikkje hugse sist det var så mykje snø. Det har snødd langt inn under taka, og som dykk ser vert pusekatten kald på beina når han vil inn vindauget...


Til og med dei gamle hjorte-gevira som heng høgt og tørt (vanlegvis) har fått eit tynt lag med kvitt på seg no.
Men som dykk ser nedanfor er vinden ein god medhjelpar med å spreie nysnøen inn under alt ;-) Patinadamene håpar alle finn glede i vinteren!!



lørdag 1. januar 2011

Godt nyttår !



GODT NYTTÅR ALLE SAMAN !!

Me har hatt eit fantastisk kjekt år på Patina !
Det mest spanande har vel vore oppstarten av vår vesle kafé. No har me bak oss eit halvt år med drift og lærdom, som me skal ta med oss vidare i det nye året.
I 2011 skal me også gå igang med å snikra endå meir, me skal bygge overnattingsrom....
Snikkarane kjem snart !
Me gledar oss til å ta fatt på nye utfordringar :)


Me vil gjerne takka alle de som har støtta oss, våre gode bloggevener, facebookvener, alle de som har vore innom til oss på Evanger. Dei fantastiske mennene våre !!! Smisk, smisk... Og ellers tålmodige ungar ;)
De gjev oss alle inspirasjon til å forsetja :)
 Håpar å sjå dykk alle i det nye året !

PS. Me har vinterstengt fram til midten av februar.