torsdag 20. januar 2011

FØR- bileter



Tenkte å vise dykk nokre bileter av huset vårt
- FØR -
oppussinga byrja.







He he, som de ser er det mykje som skal verta annleis for å seie det slik ;)
Til sommaren er planen å ha to leilighetar her, ein oppe og ein nede. Nett no er det snikkarane som gjer størstedelen av jobben, så putlar me på innimellom. Men etterkvart skal me nok få litt å henga fingrane i me og ;)
Førebels går alt etter planen, og me er framleis ved godt mot :)

3 kommentarer:

Susanne sa...

De er jammen driftige. Og tøffe. Og standhaftige. Og veldig, veldig flinke! Eg bøyer meg i støvet (nett no der det ut til å vera litt å bøye seg i ;o). Det vert kjekt å sjå ETTER-bileta!

Takk for koseleg nyttårs-kommentar. Godt år til dykk alle tre!

- Susanne

Rosa sa...

Eg ser ikkje for meg kvar i bygget dette er, men eg gler meg verkeleg til å sjå resultatet, både i bilder og "live"! Kanskje me lyt ta inn på Patina til sommaren? ;)

Mette sa...

Jøss, det kallar eg omfattande. Eg er imponert og heilt sikker på at det vert lekkert. Gler meg til å sjå fleire bilde.