torsdag 17. februar 2011

Snart ope att....



Butikken vår har stått litt på hovudet den siste tida.
Eit lass med brukte ting dukka opp, samtidig som det skulle snikrast og ryddast eit kontor- og hobbyrom i andre etasje, alle vindauger skulle få ekstra vintervindauge, pluss at hylla på kjøkkenet holdt på og detta ned, slik at alle koppar og fat måtte settast ut over diskar og bord.... I tillegg er det full snikring i halve delen av huset som skal verta til leilighetar, og dermed vert det mykje trakking og skit som fylgjer med....



Men idag er det berre ei veke til me opnar att etter vinterstenginga vår.
Me er difor så smått byrja og få orden på ting, og det var råd og ta nokre bilder.
Torsdag 24.februar har me ope frå 12 - 16 att, pluss fredag og laurdag same tid.
Me gledar oss til det :)

2 kommentarer:

Mitt hvite hus sa...

Uff dere har hatt mye å ordne på i det siste... men så spennende når dere åpner igjen da... skal prøve å få tid til en tur..

Lykke til med åpningen O=)

klemmer

Mette sa...

Og alle hjerter gleder seg.