lørdag 28. mai 2011

Nytt vindauge



Ein koseleg laurdag på butikk-kaféen.
Sommarblomar får me ha inne, for ute tek det aldri slutt med å regna...


Eit nymåla golv i leiligheten i 2.etg, og eit nyinnsett vindauge.
Ja, det er eit vindauge du ser ut gjennom ;)
Det ser ut som ein kan gå rett ut i lause lufta, og det var uvant med så mykje lys inn frå den kanten :)
Med ferdig listing rundt både ute og inne skal det verta superfint :)
Du kan koma og sjå den 11.juni !
Då satsar me på å ha ope hus for dei som vil koma og kikka ;)

torsdag 26. mai 2011

Maling, maling og atter maling...


Som de skjønar av aktiviteten på bloggen vår, har me nok å driva med for tida.
No er det maling og atter maling, skraping, sparkling, fuging, listing, rydding, isetjing av vindauge og mykje planlegging av ALT mogeleg !!
Har teke litt bileter av ferdigmalte og umalte flater, nokre skal også forbli umalte.
Fargar er ikkje lett, spesielt ikkje når ein aldri har sett korleis rommet eigentleg ser ut....
Men me seier til oss sjølve, at det vert nok endringar etterkvart. Det er fort gjort å mala oppatt ein vegg eller to... ;)
Me skal verta ferdige til slutten av juni....
Så skulle du ha lyst på ferie til Evanger i sommar, så er det berre å sende oss ei melding :)
Sjå under overnattingsfana oppe på sida vår.

fredag 20. mai 2011

Nye boksar

Fine fargerike boksar i hyllene,
og deilig kaffi,
nydelege kaker og
blide damer bak
disken:))
Håpar du tek turen
innom i morgon,
eller søndag
12-16.
Velkomen skal
du vera:))

torsdag 19. mai 2011


Berre ein liten time
til opning...
Foccaciaen er ferdig,
og damene snart klare
for nye fire dagar
på Patina.
Håpar du tek ein
tur innom..
Du er iallefall
hjarteleg velkomen:))

Tors-søn 12-16
(fre 12-16.30)

lørdag 14. mai 2011

Litt nytt i butikken...
Kul industrilampe, søt olje/eddikflaske,
sitronpresse med glasbehaldar og stor god
vannflaske til middagsbordet bla...

Elles har me deilig kaffi..m/kake..
eller nybakt foccacia til lunsj:)

Ope i morgon søndag 12-16.
Velkomen innom:)

torsdag 5. mai 2011

Deilig kyllingsalat...


Lyst på deilig
kyllingsalat m/heimelaga focaccia...?
Velkomen innom:))
tors-søn 12-16.
(fre 12-16.30)

onsdag 4. mai 2011

Mimring..



Me har mange gode minner her på Patina,
og me veit å ta vare på dei.....
Ofte dreier det seg om fine rare ting..
Som den fine tapeten på boksen over her. Den fann 
me faktisk inni Patina-huset då me
rydda, og me har brukt den i alle år
på mykje forskjellig..like fin enno
synst me:-)
Presten fann me i ein container...han pynta
opp hjå oss lenge han..


I morgon er det ny Patina veke..
torsdag til søndag 12-16
(fredag 16.30)

Her blir oppslåtte parasollar alle dagar,
for det vert jo sol:-)
Kom innom og kos deg, og slapp av hjå oss!
Velkomen:-)