torsdag 26. mai 2011

Maling, maling og atter maling...


Som de skjønar av aktiviteten på bloggen vår, har me nok å driva med for tida.
No er det maling og atter maling, skraping, sparkling, fuging, listing, rydding, isetjing av vindauge og mykje planlegging av ALT mogeleg !!
Har teke litt bileter av ferdigmalte og umalte flater, nokre skal også forbli umalte.
Fargar er ikkje lett, spesielt ikkje når ein aldri har sett korleis rommet eigentleg ser ut....
Men me seier til oss sjølve, at det vert nok endringar etterkvart. Det er fort gjort å mala oppatt ein vegg eller to... ;)
Me skal verta ferdige til slutten av juni....
Så skulle du ha lyst på ferie til Evanger i sommar, så er det berre å sende oss ei melding :)
Sjå under overnattingsfana oppe på sida vår.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
Dåke er flinke:) Vi hadde oss ei ferie helg på Voss med kafe stopp hjå dåke på søndagen før vi reisde heim att. Veldig veldig koseleg kafe. Har drømt meg fleire ganger tilbake til den stunda:)
Eg kjøpte ei gammal treski som eg har tenkt å henge på veggen, må berre finne nokre knagger fyrst som eg kan feste på slik at det vert oppheng for jakker i ny gang. Men ting tar tid
Ha ein god dag

Susanne sa...

Heilt i orden med ein liten latter, Hilde. Eg må beint le litt sjølv òg - for AV OG TIL kunne det jo vera lurt å gå for dei absolutt mest opplagde løysingane og IKKJE gjere det vanskelegare enn det treng vera...
Fingers crossed for IKEA-løysinga!

God helg frå
Susanne
(som verkeleg håpar å leggje turen innom dykk snart. Vegen er ikkje så lang - berre frykteleg bratt!!!)

Janis sa...

Spanande tider de går i møte og kjekt å sjå romma ta form. Det er alltid lika koseleg å kome innom kafeèn, og eg håpar det ikkje blir alt for lenge til neste gong:)

Lukka lukka til vidare damer!

Mvh Jani