onsdag 31. oktober 2012

Juicekurs




Ynskjer du å vera utstillar ?



Tenk, det nærmar seg jol...
Laurdag 8.desember er dagen for den
tradisjonelle
jolemarknaden i gato vår.

Me ynskjer at det skal koma mange utstillarar i år !
Kanskje er det akkurat du som har
lyst til å koma ?
Er du kreativ og sysler med handarbeid,
eller mat- og helseprodukt,
foto, snikring, antikk, kunst eller joletre,
eller er du god på å lage kransar ?
Kanskje reiser du rundt på ulike
marknader gjennom året ?
Her er rom for det meste !
Det beste er å fylle opp i både hus og gate,
og me garanterer ekte skomakergatestemning :)

For meir info og påmelding kontakt
Else Mari tlf. 95245466
Eller du kan senda oss ein e-post ( patina@evanger.net )
so kan me sende den vidare.

Håpar at du tek kontakt :)
 
 

søndag 28. oktober 2012



Helga vart innleia med konsert
frå denne kjekke karen,
Roberto Portillo.
Ei fin og avslappande stund.


Ellers er den fyrste fine snøen komen :)
Fint å gå seg ein tur i
fin natur...
 

mandag 22. oktober 2012

Fredagskaffi-konsert


Fredag fyrstkomande smeller me til med ein
konsert i kafeen vår !
Ein fin og intim ettermiddagskonsert,
før helga set inn for alvor.

Det gledar me oss til :)
Du er velkomen til å ta turen innom.

PS. Me held ope til kl 19 denne fredagen.


onsdag 17. oktober 2012

Kamille jul

I siste Kamille jul, kan du lese
litt om den eine Patinadama:)
..Veit at det er tidleg med jul,
men sånn er det blitt..:)

Bildet til høgre er ifrå bladet,
det andre er ifrå hytta til
samme dame:)

Elles har me ope på fredag 11-18
og på laurdag 11-16
Håpar du kikkar innom:))

lørdag 13. oktober 2012

Topptur

Visste du at ein kan kombinere kafebesøk med toppturbesøk?! På Evanger er det "no problemas"! Fyrst tek du deg ein kaffi og ein matbit på Patina. Så går/køyrer du til Tippen. Så går du meir eller mindre rett opp til Styveshorgi. Så går du om Skorsetvatnet ned att. Så løner du deg sjølv med kafebesøk nr 2 den dagen:-)