tirsdag 20. november 2012

Strikkekafe..


Me gledar oss til
strikkekafè i kveld:)


..men du må jo ikkje strikke..
Du kan jo brette stjerner
i staden for feks..
av eit gamalt "Hordaland"

..høyre på inspirerande
Renate Lunde (Vossabia)som 
fortel om
sine heilt
fantastiske hudpleie
produkt..


 ...lage pompongar..

Eller berre kose deg litt..drikke
god kaffi..el te..
Bli inspirert
av andre..eller 
handle jolegåver?

20% på alle varer denne
kvelden.

Vel møtt
 kl 19-21.30

torsdag 15. november 2012

Strikke-kose-handlekveld



Tysdag 20.nov kl.19-21.30
 
Vossabia kjem og presenterer sine produkt !
Kafeen er open, og me har 20% rabatt på alle varene i butikken.
Kanskje du kan lage ei gåve, kjøpe ei gåve
OG samstundes kose deg med vener og mat og drikke på ein og same kveld?!
Velkomen er du i alle fall ! 

mandag 5. november 2012

Jolehelg på Evanger ?


Ynskjer du å reise vekk i jola, men manglar ei hytte å reise til ?
Då kan me tilby flotte husvære her på Evanger !
Ein herleg pynta leilighet, med joletre frå eigen skog, som de kan få pynte sjølve om ynskjeleg. Ingen tv, men garantert jolestemning med stearinljos og brettspel.
På jolaftan vert jola ringt inn med gustjeneste i Evanger kyrkje, eit steinkast unna, og til middag kan me bestille det beste pinnakjøt, eldhusrøykt frå Evanger,
som de sjølvsagt må tilberede sjølve.
På Evanger er det fint å rusle ein tur i nærområdet,
eller kanskje ta seg ein skitur, om snøen dalar ned...
 

Her er 9 sengeplassar i den største leiligheten og 4 i den minste, så tilbodet passar for 1-3 familier.
Me syter for at alt du treng av kjøkkentøy, dukar, serviettar og ljos er på plass og sengene er ferdig oppreidd.
Me ynskjer å leggje til rette for at dykk som gjester skal få ei koseleg og minnerik jolefeiring.
Send oss ein mail og fortel kva du ynskjer,
så gjev me deg eit jole-tilbod.
Sjå bileter frå husvære her.