Butikk / Kafé




Butikk

I vår spanande butikk kan du finne alt frå gamle sjelfulle pinnestolar og serviser, til nye moderne interiørtrendar som tapetstrimler, lyslykter, korger og andre småting.
Me fører merke frå bl.a danske
House Doctor og Madam Stoltz, norske Blafre, Darling Clementine og Scandinavian Surface, i tillegg til produkt frå lokale Vossabia og keramikar Linda Lid. 

Her er ein herleg miks av gamalt og nytt, lokalt handverk, te, kaffi, og enkle bruksting.
I tillegg fører me økologiske og andre spanande
matprodukt frå Norganic, Vitalkost og Nicolas Vahé.


Kafé

Kafélokalet er i fyrste etasje, midt i butikken. Så her kan du setje deg ned og betrakte ting og la deg inspirere, samtidig som du kan nyta ein av våre gode kaffisortar, ulike tear, varm sjokolade, økologisk brus, lokalprodusert eplejuice, heimelaga kaker og enkle lunsjrettar, eller kva med ein smak av vår spesielle bjørkesaft ?