Om oss


Me er tre damer som driv Patina.
Alle med stor interesse for gjenbruk, interiør, god mat, handarbeid og musikk, og me hoppar av glede når me finn brukte skattar på loppemarknad !

Patina held hus i ei gamal sjøbu frå 1930 i ærverdige Evanger sentrum. Heile gata brann ned i 1923, og etter det vart husa bygde oppatt i ein særeigen stil. 

Sjøbua vår har aldri vore sjøbu, då det aldri har vore sjø inn til huset, men det har vore brukt som lager til Rongabutikken på hjørnet.

I 2001 opna me bruktbutikk i lokalet, som utvikla seg til å verta ein spanande interiørbutikk, der me miksar gamle sjelfulle ting, med nye trendar.
Sommaren 2010 utvida me med kafédrift i tillegg til butikken, og me erfarte at fleire folk kom innom til oss. Utruleg kjekt når andre oppdagar denne vesle perla i Voss kommune, ein liten mini-by med gamle trehus midt imellom høge vakre fjell. Mange vert positivt overraska og mange har uttalt at her skulle dei gjerne ha feriert nokre dagar.
Dette ynskte Patina å gjera noko med.

I 2011 utvida me endå meir, og tek no heile huset i bruk. Me har laga to innbydande leileghetar, der me vil innreie med gamle møblar frå butikken. Møblane og tinga vil vere tilsalgs og stilen vil difor brått kunne endrast.
Med enkle midlar, gjenbruk og estetisk sans ynskjer me at du som gjest skal finne deg til rette og la deg inspirera både av stilen inne, men også av den vakre naturen rett utanfor.

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen innom oss !

Evanger

Evanger er ei lita perle i Voss kommune. Særmerkte trehus dannar ei koseleg lita gate, som like før jol ofte vert samanlikna med Skomakegata, og ellers i året ofte vert omtalt som noko som kan likna ein liten westernby.
Nærast alle husa i gata brann ned i 1923, men god forsikring gjorde at folk hadde råd til å bygga oppatt, og husa vart både store og detaljrike.
Her var eit aktivt handelssentrum i etterkrigstida, og her var opp til fleire kaféar, butikkar, skomakar, skreddar, post og endåtil eit bakeri.

I 1960 vart delar av sentrum rive, då BKK bygde ut kraftstasjon i bygda. Her vart fylt ut med massar frå fjellet og mykje endra seg.
BKK gav bygda eit nytt grendahus som erstatning, Vassvøretun, eit hus som har vorte brukt mykje til arrangement i bygda. Huset er no under oppussing, og her er mogeleg å leige lokale til åremålsdagar, bryllaup og andre arrangement.