Vandringsturar


Vandringsturar rundt Evanger.


 Rundt Patina og Evanger er det gode mogelegheiter for å rusle små vakre turar langs vegar eller i skogen. I tillegg ligg Stølsheimen like rundt Evanger, eit vakkert fjellområde som innbyr til gode naturopplevingar.





Patina kan anbefale desse turane :


Volahytta ( 940 moh) :


Bilveg / anleggsveg frå Brekkhus i Teigdalen opp Fannadalen. Parkering ved Voladammen.
Merka sti langs demninga, kort stykke langs vatnet, så opp i kanten av Kviteskorvi og ned til Volahytta.
Passar fint for barnefamiliar.
Turen tek ca. 0,5 timar
Koordinater : Lat/Long: 60°44'21"N, 6°18'19"E
UTM: 32V Ø353100 N6736759


Tvinnestølen ( 1040 moh ) :


Merka sti frå Volahytta.
I området finn den fiskeinteresserte fiskevatn nok til å fylle ein heil sumar med gode opplevingar.
Turen tek ca. 1 time
Koordinater : Lat/Long: 60°44'12"N, 6°21'52"E
UTM: 32V Ø356307 N6736358


Torvedalshytta (815 moh) :


Vidare T-merka sti frå Volahytta.
Turen tek ca. 5 timar
Koordinater : Lat/Long: 60°49'25"N, 6°19'56"E
UTM: 32V Ø354950 N6746097


Topptur til Kvitanosi ( 1433 moh ) :


Populær tur både sommar og vinter.
Det beste utgangspunktet er Gullbrå i Eksingedalen ( ca 50 min å køyra frå Evanger ).
Her går det vidare ein anleggsveg mot Grøndalen ca 500 m, før du tek av til høgre opp lia ( geitestøl på venstre hand ). Starten på turen er brattast, før terrenget vert slakare.
Her er ikkje merkt løype, og det er lite sti å gå på, slik at kart er naudsynt å ta med om du ikkje er kjent.
Om sommaren kan ein leggja turen innom restane av eit tysk fly som styrta under andre verdskrigen. Ein god motivasjon for borna på turen.
Meir historie om flyet på Kvitanosi http://trefall.com/kvitanosi/index_no_dyn.htm
Turen tek ca. 3 timar


Styveshorgi  - Skorsetvatnet


Utgangspunktet er å køyra opp langs anleggsvegen til Styvestippen, ca 6 km rett opp frå Evanger. Eit flott område med umerka stiar. Det beste er nok å ta med kart over området.


Topptur til Mykkeltveitveten ( 1131 moh ) :


Turen startar med ei bratt stigning langs grusveg ( kan køyrast med god bil ) opp til fjellgarden Mykkeltveit. Herifrå går ein vidare oppover skogen på umerka sti.


Hamlagrø / Alexander Grieghytta ( 600 moh )  :


T-merka sti, ½ km vestover frå Evanger langs E16, bratt opp Vossedalen. Vidare forbi Vossedalstølen opp til Loddevarden og sørover til stidelinga til Rasdalen og Bolstadøyri ved Løkene. Vidare austover forbi Hardfjellvatnet og ned mot sør til Lonaselet. Vidare sør over fjelryggen og forbi øverste del av Kvanngjelet og ned til Alexander Grieghytta og vegen i Bergsdalen.
Turen tek ca. 6-7 timar
Koordinater : Lat/Long: 60°32'13"N, 6°04'44"E
UTM: 32V Ø339764 N6714773